Rannveig og Rasmus (Mor&Moff) leita i kveld fram ein video AK lagde i 1987 om juleforberedelser og jule/nyttårsfeiring. Astrid Karin var nett byrja på UiB og hadde fått seg flott videokamera til ein pris av 12500 kr (brukt). Det var ikkje lite pengar den gongen. Det var ein flott laga og redigert video med plakat for kvar ny akt. Smådyr lurt plassert i snøen ved granene nord mot bøen (Kunstige, trur vi). Så var det Moff som tilpassa juletrefoten (Eit gammalt trillebårhjul av støpejern som har vore nytta så lenge vi kan hugse av Besten og Besta og heilt opp til seinare år når vi kjøpte ein skikkeleg fot) ute på verandaen medan regnet silte ned. AK filma gjennom vinuet og i bakgrunnen Mahalia Jackson med uvisnelege julesongar. Juletur med Ducatoen til Urke for å hente Momo, julekveld i Torvika, romjuls feiring med Momo og Kjølsdalsgjengen. Romjulsfeiring i Kjølsdalen med Ørje-gjengen. Besøk av julenissen som var totalt ukjend for alle. Han hadde eit merkeleg spørsmål til Rune, om han var nordlending, kanskje. Stor vits! Nyttårsafta med heile gjengen på Urke ... Momo var så ungdommeleg endå ho var 68 år, tett på 69.
Ja, vi vart heilt bergtekne, Rannveig og Rasmus. Vi måtte berre til å takke Gud for at han har ført oss alle, dag for dag. Vi kan knappast fatte korleis alt har gått til, at vi alle er så velsigna på alle vis. "Pris Herren og glem ikke alle Hans velgjerninger!"(Sitat frå ei kjend bok).
Ellers har vi jobba med å ta ned all julepynten. Anna Pernille hadde gjort ein kjempejobb med å pynte til jul. Det fekk vi merke når alt skulle takast ned. Røyrhus har teke til med å plastre elvebreidda som vart øydelagd i storflaumen i haust. Lady held på å legge seg for kvelden. Ho snur seg rundt seg sjølv fleire gonger før ho dett overende med eit sukk. Klokka er fem på elleve, så no går vi til køys. I morgon skal vi avslutte jula med pinnekjøt etc.
Dad
Saturday, January 12, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
3 comments:
Takk for koseleg kommentar! Kjekt med familiebloggar. Vi er mange no....
Ja, no er det lenge sidan jul, så det er vel på tide med ei oppdatering snart? ;-)
Hei!
Jeg vil bare informere om at det nå er etablert en ny og absolutt oppbyggelig blogg med ortodoks/katolske røtter. Han ligger her: www.nordiskkatolsk.wordpress.com
Vi blir glade om du besøker siden, kommenterer og ikke minst linker den opp på siden din.
Mvh
Patriarken (Roy-Olav)
Post a Comment